Innlegg

Viser innlegg fra september, 2015
Bilde
Montering av autopilot i min Saga 29 Då eg fyllte 70 år i sommar fekk eg autopilot i gåve frå slekt og venner. Pris ferdig montert kom på ca. kr. 22000,-  Autopiloten vart bestilt hos Sigurd Solberg i Florø slik at den låg i posten då eg og kona mi kom heim frå ferie. Hos Solberg fekk eg god hjelp til å berekne  kva slags type pilot eg måtte ha for at den skulle stemme med dataene på båten. Under vil eg ved hjelp av tekst og bilder prøve å synleggjere at det ikkje er all verden å gjere denne jobben sjølv. Følglande vart bestilt: - Raymarine EVOLUTION EV 1 - Raymarine ACU-200 - RaymarineType1 Hydra pumpe. - Div. SeaTalk ing kablar, T-stykker etc. Vel heime var det berre å kome igang. Det fyrste eg måtte gjere var å lese meg opp på monteringsbeskrivelsem frå Raymarine. Den var både på Norsk og Engelsk. Så var det berre å sette i gong. 1. Plassering av kompass. Her fant eg ein høveleg plass under trappa, ned til sovelugar og toalett. Denne plasseringa er rimeleg langt frå