Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017
Bilde
Dokkevogge. Så er det ein liten pause frå dreiinga fordi eg har lova ei dame på over 90 år at ho skal få kjøpe ei dokkevogge til eit av oldebarna sine.  Eg har laga ei tidligare til henne i tillegg til ei vogge som ho vant på ein basar, som eg hadde laga. Så med denne siste så har tre av oldebarna hennar fått kvar si Steinnesvogge.
Bilde
2 flotte dager ved Gamlegymnaset i Volda , 25. og 26. nov. 2017 Nydeleg ver, særleg på søndag gjorde nok at fleire prioriterte fjellet i staden for ein tur på Gamlegymnaset i Volda. Likevel var det ein jamn straum med folk heile den tida det var opent. (12-16) Der var omlag 30 utstillarar som hadde svært mykje flott og godt å by på. Dette gav verkeleg meirsmak. Under er noko av utvalet.
Bilde
Litt av arbeidet dei siste 2 mnd. I morgon blir det salsmesse ved Gamlegymnaset i Volda. Skal bli spanande om nokon likar det eg har laga. Solgt
Bilde
Dagens arbeidsstykker. I dag har eg mellom anna dreia ei skål som eg trur kjem av ein sur Rogn. Grunnen til at eg ikkje veit det heilt sikkert er at dette er material som i utgangspunktet skulle brukast til ved og ikkje til å dreie av. Resultatet synest eg er bra.  Denne skåla er dreia av ein kaipele, derav makkegangen under kanten. Det er Ingvild og Trond Nagell Dahl som eig den.  Plomme - Solgt Pære
Bilde
Forsatt Dreing. Dagens arbeid, eit fat, ein bolle pluss to bollar  til som ikkje er heilt ferdige og ligg i verkstaden. Det er utrueleg kjekt og spanande å sette eit stykke i dreiebenken og så sjå kva som blir det ferdige resultatet. Dette er som med leira i pottemakarens hand, går det galt undervegs så er det berre å begynne på nytt. Bollen under har vore to gonger på golvet og i veggen, men tredje forsøk, stod den i benken og det gjekk bra. Solgt Bollen er av plometre, fullt med sprekker. Desse er det  berre å fylle att med epoxy, blanda med pussestøv og så  blir det vel så fint til slutt. Livet har også sprekker og sår  som kan fyllast att med noko fint, sterkt og godt og så blir  som regel  alt bra. Fatet er av bjørk. Turr kvistfri bjørk er fin dreiematerial, men likevel noko kjedeleg. Men, alt til sitt bruk.
Bilde
Dreiing. Har den seinare tida sysla litt med dreiing av boller. Fant tilfeldigvis noko material etter orkanen i 1992 som eg har teke vare på men som har vore stabla bort. Materialen er heilt på grensa av å kunne brukast på grunn av rote, men eg klarte å forme nokre fine skåler og bollar av den. Desse blir saman med vaffelgafflar for øvrig utstilt for salg på Gamlegymnaset i Volda under haustmessa den 25. - 26. november.   Solgt Det er uvisst kva tresort dette er.  Fant den saman med noko gamal tremateriale. Den var ei utordring å dreie. Innsett med Chestnut Microcrystalline Wax Ny bolle i benken, Tresort uvisst men truleg rogn som har ligge i jorda og surna. Innsett med Black Bicon. Ovanfor er den ferdig. Solgt Emne av greina på eit pæretre. Denne fant eg i veddungen. Innsett med Chestnut Microcrystalline Wax. I sponhaugen uner dreiebenken. Dette er ein fin lagerplass, særleg når emna ikkje er turre. Solgt  Solgt
Bilde
Vaffelgaffel Dette er ei flott oppfinning. Kven som var den fyrste til å lage ein vaffelgaffel, veit eg ikkje. men for alle moderne vaffeljarn så er tregaffelen heilt nødvendig å bruke dersom ikkje teflonbelegget skal verte skada. Eg begynte å lage slike gafflar for nokre år sidan av Einer. Bjørk er også ein tresort som eignar seg godt, men den gode lukta manglar. Einer er ganske lett å få tak i, den er seig og sterk og luktar veldig godt. Etter kvart som folk har oppdaga denne gafflen, har eg hatt meir enn nok å gjere. Gafflane er handlaga. Den tretinda varianten kallar eg Sildegaffel og kan brukast i sursildglas. Pris kr. 60,- pr. gaffel både for silde- og vaffelgafflen.