Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2015

Teakdekk akter på Saga 29.

Bilde
Vår båt har teakdørk i salongen og teakdekk på badeplattforma akter. I uteromet har vi tepper på glasfiberdørken. Det er ei grei løysing men blir litt vanskeleg når ein skal ned i romet akter. Difor har eg bestemt med for å legge teakdekk også der. Dekket er produsert av Sandøy Båtdekk AS . Dekket er vaska med rikeleg mengde rødsprit (1 l pr. 8 m2)  og olja med Ovatrol sin Teakolje. Har hatt på 3 strøk vått i vått. Etter 20 min tørka eg av oveflødig olje med ei lofri fille. Når dette tørkar skal eg slipe dekket med vannslipepapir nr 350 i olje og så gi det eit siste toppstrøk før legging. Oljen har eg kjøpt hos Sverre Eidsvik AS i Ålesund. Etter nermare undersøking fant eg same oljen hos Malia i Ørsta. Dei forhandlar Ovatrol Prosessen blir dokumentert her. Lukene på Sagaen er låsbare. Her må det gjerast ei endring for å få låsesylinderen gjennom teakdekket. Har vore i kontakt med Sagaboats og nye låsesylinderar er bestilt.  02.03.15  Prøvelegging av

Ryggstøtte til min Yamaha Virago 125 cc, mod 1998

Bilde
For eit år sidan kom min bror med ideen om å lage ryggstøtte også for føraren av motorsykkelen. Han har same sorten, så vi gjekk i gong med prosjektet. Fyrst no har eg fått ferdig min del av det, etter mange lovprisingar frå hans side over kor mykje betre det er å køyre sykkelen. Det ser og kjennest faktisk veldig bra. Ein kamerat av oss, som for øvrig har laga rørstøttene til alle tre sykklane, har også laga det på sin sykkel, så no er det 3 stk Yamaha Virago 125 som har ryggstøtte. Eg synest at resultatet ikkje vart så verst.  Sjølvgjort er velgjort. Etter ein køyretur på nokre mil fant eg snart ut at dette passa desverre ikkje min kropp. Det vart for kort avstand mellom setet og tanken. Eg er desverre for lang til dette. Det var ellers god støtte i ryggen. Ryggstøtta er dermed avmontert og eg ei erfaring rikare. :-)

Montering av AIS og kartplottar i båt.

Bilde
Denne vinteren har eg oppgradert min Saga 29 LS med ein del nytt utstyr. Eg har hatt ein Raymarine A65 kartplottar i båten.  Dette er ein stabil og god plottar men har sine avgrensingar dersom ein tenker å utvide med anna utstyr som AIS og Radar. Valget var lett kva merke angår. Raymarine sitt utstyr er eg fortruleg med, så etter ein del tenking landa eg på Raymarine a127 kartplottar med berøringsskjerm. Då måtte det bli Raymarine sitt AIS-utstyr også. Grunnen til at eg ønskte slikt utstyr i båten er at vi ferdast mykje på sjøen heile året, med ein langtur innlagt stort sett kvart år og då er det trygt å kunne bli varsla om andre båtar som evt. er på kollisjonskurs. Skulle eg kjøpe berre sendar eller sendar og mottakar? Kva måtte til av antenner, splitter osv. Hos Seatronic er det veldig god service så dei hjelpte meg i valg av dupedittar.  Kvar skulle eg så plassere utstyret ombord? Det måtte vere nokolunde i nærleiken av kartplottar og VHF. Til slutt fann eg ein g

Den fantastiske kveldshimmelen i verdens vakraste land.

Bilde
  Bileta er teke med Sony Xperia Z1 mobilkamera den 14.02.2015 frå Lanternen Marina og sydover mot Herøy gard på Sunnmøre. Eg opplever fred og takksemd når eg får ta del i dette.