Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2014
Bilde
Ombygging av cockpitbord til Bavaria. Ombygging og stell av cockpitbort til Bavaria 38. Bordet er plassert inntil styrekonsollen akterut. Det har klaffar som kan slåast ned. For å kunne gjere dette måtte eg skråskjere klaffane for å unngå å senke bordet. Resultatet var bra.      
Bilde
Reparasjon av sittebenk til Bavaria 38  Desverre så har Bavaria valt å bruke kryssfiner som dekk på sine båtar. Dette er flott så lenge at ikkje vatnet får trenge inn i  laminatet og løyse dette opp. Sittebenken er særs utsett då den blir gått og site  mykje på .  I dette tilfellet så førte det til at laminatet løsna.  Eg slipte bort alt som var laust og erstatta det med eit 3 mm underlag. Dette vart limt til overlaget med vannfast lim. For å få den rette bøyen vart det saga spor i den nye plata. Dette vart bøygd  over setet og festa med tvinger til limet hadde tørka. Neste punkt var å slipe rein flata som dette skulle ligge på. Den vart så vaska med aceton og det vart smurt på eit 2 mm tjukt lag med Sikaflex. Den nye sitteplata vart tilpassa og limt fast med eit tørketid på ei veke. Tvingene vart fjerna og kanten rundt vart nata på nytt. Deretter vart sitteflata slipt og behandla med Aceton.  Resultatet ser du under.              Ferdig resultat, montert i båt
Bilde
Nytt bord til vår Saga 29 Så har eg laga nytt bord til uteplasen på vår Saga. Det bordet som var der er rundt, og tek mykje plass så eg bestemte meg i vinter for å snekkre eit nytt.  Samanlagt tek det lite plass og det skal bli spanande å sjå korleis det fungerer. Bordet er laga i teak og nata med SikaFlex natemasse. Ledda i beina er av eik. Bordet er ikkje ferdig lakka. Bordet oppslått frå sida Bordet sett frå enden Bordet samanslått og enkelt å stable bort
Bilde
SNEKKRING AV VOGGER I 1996 begynte eg så smått å snekkre vogger. Eg er bestefar til 5 jenter og hadde då ei oppgåve foran meg. Då alle hadde fått si vogge, vart det berre å utvikle voggene vidare og det har nok vorte ein god del fleire med åra. Eg lagar mest dokkevogger, men det har også blitt ein del babyvogger. Dei er laga i heil furuved med furulaminat i endar og sider. Spegelane på endane og sidene på dokkevogga, er handfrest etter sjølvlaga malar. Størrelsen er 30x50på dokkevoggene og ca 90 x 50 på babyvogga. Dette er koeleg hobbyarbeid. Alle er orginalar. Babyvogge trekvit Dokkevogge trekvit Dokkevogge malt.

Praktisk løysing på antenneplassering til TV

Bilde
Det har mange gongar irritert meg at antenna til TV-en ombord i båten har blitt liggande å slynge på benken. Så fekk eg ein ide og den er her- med sett ut i live.  No er det berre å drage den ut ved bruk og putte den innatt etter bruk. Smart ide.
Bilde
Så måtte vi jammen til med eit nytt toalett i båten. Det gamle vart så utett i pumpestokken at det til slutt vart berre rot. Desverre så har fabrikken slutta å produsere den typa vi hadde så det vart eit nytt med same fabrikat, eit RM 69 Sealock. Fordelen med dette er at det kan monterast under vannlinja.  Som alltid var Sagaboats på Selje hjelpsame og eg hadde det i båten innan 3 dagar.