Vaffel og sildegafflar. Då det stadig er spørsmål etter slike gafflar har eg laga nye 140 stk, 70 av kvar sort. Vaffelgafflane er av einer, medan sildegafflane er av bjørk. Dette fordi einer kan sette ein smak på silda som ein ikkje ønskjer å få. Gafflane er handlaga. Alle er dermed orginaler. Namnet er brent inn med svipenn.
Innlegg
- Hent link
- E-post
- Andre apper
Dokkevogge. Så er det ein liten pause frå dreiinga fordi eg har lova ei dame på over 90 år at ho skal få kjøpe ei dokkevogge til eit av oldebarna sine. Eg har laga ei tidligare til henne i tillegg til ei vogge som ho vant på ein basar, som eg hadde laga. Så med denne siste så har tre av oldebarna hennar fått kvar si Steinnesvogge.
- Hent link
- E-post
- Andre apper
2 flotte dager ved Gamlegymnaset i Volda , 25. og 26. nov. 2017 Nydeleg ver, særleg på søndag gjorde nok at fleire prioriterte fjellet i staden for ein tur på Gamlegymnaset i Volda. Likevel var det ein jamn straum med folk heile den tida det var opent. (12-16) Der var omlag 30 utstillarar som hadde svært mykje flott og godt å by på. Dette gav verkeleg meirsmak. Under er noko av utvalet.
- Hent link
- E-post
- Andre apper
Dagens arbeidsstykker. I dag har eg mellom anna dreia ei skål som eg trur kjem av ein sur Rogn. Grunnen til at eg ikkje veit det heilt sikkert er at dette er material som i utgangspunktet skulle brukast til ved og ikkje til å dreie av. Resultatet synest eg er bra. Denne skåla er dreia av ein kaipele, derav makkegangen under kanten. Det er Ingvild og Trond Nagell Dahl som eig den. Plomme - Solgt Pære
- Hent link
- E-post
- Andre apper
Forsatt Dreing. Dagens arbeid, eit fat, ein bolle pluss to bollar til som ikkje er heilt ferdige og ligg i verkstaden. Det er utrueleg kjekt og spanande å sette eit stykke i dreiebenken og så sjå kva som blir det ferdige resultatet. Dette er som med leira i pottemakarens hand, går det galt undervegs så er det berre å begynne på nytt. Bollen under har vore to gonger på golvet og i veggen, men tredje forsøk, stod den i benken og det gjekk bra. Solgt Bollen er av plometre, fullt med sprekker. Desse er det berre å fylle att med epoxy, blanda med pussestøv og så blir det vel så fint til slutt. Livet har også sprekker og sår som kan fyllast att med noko fint, sterkt og godt og så blir som regel alt bra. Fatet er av bjørk. Turr kvistfri bjørk er fin dreiematerial, men likevel noko kjedeleg. Men, alt til sitt bruk.