Vaffelgaffel Dette er ei flott oppfinning. Kven som var den fyrste til å lage ein vaffelgaffel, veit eg ikkje. men for alle moderne vaffeljarn så er tregaffelen heilt nødvendig å bruke dersom ikkje teflonbelegget skal verte skada. Eg begynte å lage slike gafflar for nokre år sidan av Einer. Bjørk er også ein tresort som eignar seg godt, men den gode lukta manglar. Einer er ganske lett å få tak i, den er seig og sterk og luktar veldig godt. Etter kvart som folk har oppdaga denne gafflen, har eg hatt meir enn nok å gjere. Gafflane er handlaga. Den tretinda varianten kallar eg Sildegaffel og kan brukast i sursildglas. Pris kr. 60,- pr. gaffel både for silde- og vaffelgafflen.
Populære innlegg fra denne bloggen
Montering av autopilot i min Saga 29 Då eg fyllte 70 år i sommar fekk eg autopilot i gåve frå slekt og venner. Pris ferdig montert kom på ca. kr. 22000,- Autopiloten vart bestilt hos Sigurd Solberg i Florø slik at den låg i posten då eg og kona mi kom heim frå ferie. Hos Solberg fekk eg god hjelp til å berekne kva slags type pilot eg måtte ha for at den skulle stemme med dataene på båten. Under vil eg ved hjelp av tekst og bilder prøve å synleggjere at det ikkje er all verden å gjere denne jobben sjølv. Følglande vart bestilt: - Raymarine EVOLUTION EV 1 - Raymarine ACU-200 - RaymarineType1 Hydra pumpe. - Div. SeaTalk ing kablar, T-stykker etc. Vel heime var det berre å kome igang. Det fyrste eg måtte gjere var å lese meg opp på monteringsbeskrivelsem frå Raymarine. Den var både på Norsk og Engelsk. Så var det berre å sette i gong. 1. Plassering av kompass. Her fant eg ein høveleg plass under trappa, ned til sovelugar og toalett. Denne plasseringa er rimeleg ...
Montering av AIS og kartplottar i båt.
Denne vinteren har eg oppgradert min Saga 29 LS med ein del nytt utstyr. Eg har hatt ein Raymarine A65 kartplottar i båten. Dette er ein stabil og god plottar men har sine avgrensingar dersom ein tenker å utvide med anna utstyr som AIS og Radar. Valget var lett kva merke angår. Raymarine sitt utstyr er eg fortruleg med, så etter ein del tenking landa eg på Raymarine a127 kartplottar med berøringsskjerm. Då måtte det bli Raymarine sitt AIS-utstyr også. Grunnen til at eg ønskte slikt utstyr i båten er at vi ferdast mykje på sjøen heile året, med ein langtur innlagt stort sett kvart år og då er det trygt å kunne bli varsla om andre båtar som evt. er på kollisjonskurs. Skulle eg kjøpe berre sendar eller sendar og mottakar? Kva måtte til av antenner, splitter osv. Hos Seatronic er det veldig god service så dei hjelpte meg i valg av dupedittar. Kvar skulle eg så plassere utstyret ombord? Det måtte vere nokolunde i nærleiken av kartplottar og VHF. Til slutt fann...
Kommentarer
Legg inn en kommentar