Denne vinteren har eg oppgradert min Saga 29 LS med ein del nytt utstyr. Eg har hatt ein Raymarine A65 kartplottar i båten. Dette er ein stabil og god plottar men har sine avgrensingar dersom ein tenker å utvide med anna utstyr som AIS og Radar. Valget var lett kva merke angår. Raymarine sitt utstyr er eg fortruleg med, så etter ein del tenking landa eg på Raymarine a127 kartplottar med berøringsskjerm. Då måtte det bli Raymarine sitt AIS-utstyr også. Grunnen til at eg ønskte slikt utstyr i båten er at vi ferdast mykje på sjøen heile året, med ein langtur innlagt stort sett kvart år og då er det trygt å kunne bli varsla om andre båtar som evt. er på kollisjonskurs. Skulle eg kjøpe berre sendar eller sendar og mottakar? Kva måtte til av antenner, splitter osv. Hos Seatronic er det veldig god service så dei hjelpte meg i valg av dupedittar. Kvar skulle eg så plassere utstyret ombord? Det måtte vere nokolunde i nærleiken av kartplottar og VHF. Til slutt fann...
Vaffelgaffel Dette er ei flott oppfinning. Kven som var den fyrste til å lage ein vaffelgaffel, veit eg ikkje. men for alle moderne vaffeljarn så er tregaffelen heilt nødvendig å bruke dersom ikkje teflonbelegget skal verte skada. Eg begynte å lage slike gafflar for nokre år sidan av Einer. Bjørk er også ein tresort som eignar seg godt, men den gode lukta manglar. Einer er ganske lett å få tak i, den er seig og sterk og luktar veldig godt. Etter kvart som folk har oppdaga denne gafflen, har eg hatt meir enn nok å gjere. Gafflane er handlaga. Den tretinda varianten kallar eg Sildegaffel og kan brukast i sursildglas. Pris kr. 60,- pr. gaffel både for silde- og vaffelgafflen.
Vaffel og sildegafflar. Då det stadig er spørsmål etter slike gafflar har eg laga nye 140 stk, 70 av kvar sort. Vaffelgafflane er av einer, medan sildegafflane er av bjørk. Dette fordi einer kan sette ein smak på silda som ein ikkje ønskjer å få. Gafflane er handlaga. Alle er dermed orginaler. Namnet er brent inn med svipenn.
Kommentarer
Legg inn en kommentar