Reparasjon av sittebenk til Bavaria 38 


Desverre så har Bavaria valt å bruke kryssfiner som dekk på sine båtar. Dette er flott så lenge at ikkje vatnet får trenge inn i  laminatet og løyse dette opp. Sittebenken er særs utsett då den blir gått og site  mykje på . 
I dette tilfellet så førte det til at laminatet løsna. 
Eg slipte bort alt som var laust og erstatta det med eit 3 mm underlag. Dette vart limt til overlaget med vannfast lim. For å få den rette bøyen vart det saga spor i den nye plata. Dette vart bøygd  over setet og festa med tvinger til limet hadde tørka. Neste punkt var å slipe rein flata som dette skulle ligge på. Den vart så vaska med aceton og det vart smurt på eit 2 mm tjukt lag med Sikaflex. Den nye sitteplata vart tilpassa og limt fast med eit tørketid på ei veke. Tvingene vart fjerna og kanten rundt vart nata på nytt. Deretter vart sitteflata slipt og behandla med Aceton.  Resultatet ser du under.

  


    
    
Ferdig resultat, montert i båten

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen