Montering av AIS og kartplottar i båt.

Denne vinteren har eg oppgradert min Saga 29 LS med ein del nytt utstyr.
Eg har hatt ein Raymarine A65 kartplottar i båten.  Dette er ein stabil og god plottar men har sine avgrensingar dersom ein tenker å utvide med anna utstyr som AIS og Radar.
Valget var lett kva merke angår. Raymarine sitt utstyr er eg fortruleg med, så etter ein del tenking landa eg på Raymarine a127 kartplottar med berøringsskjerm. Då måtte det bli Raymarine sitt AIS-utstyr også.
Grunnen til at eg ønskte slikt utstyr i båten er at vi ferdast mykje på sjøen heile året, med ein langtur innlagt stort sett kvart år og då er det trygt å kunne bli varsla om andre båtar som evt. er på kollisjonskurs.
Skulle eg kjøpe berre sendar eller sendar og mottakar? Kva måtte til av antenner, splitter osv.

Hos Seatronic er det veldig god service så dei hjelpte meg i valg av dupedittar.  Kvar skulle eg så plassere utstyret ombord? Det måtte vere nokolunde i nærleiken av kartplottar og VHF.
Til slutt fann eg ein god plassering som var skjult og lett tilgjengeleg. Så var det koblinga. Etter fastskruing av sendar/mottakarboks og splitter skulle leidningane koblast. Her var det plug and play så det kunne vanskeleg gjerast feil, Siste leidning, ein SeaTalk-kabel vart plugga inn på plottaren.


Det følgde med utførleg manual som kunne hentast ut på Norsk frå seatronic sine sider. Problemet er berre at dei beskriv så mange moglegheiter at det kan vere vanskeleg å finne den som passar deg. 
Til slutt så fant eg løysinga, men problemet var berre at eg fekk ikkje AIS til å fungere på plottaren. 

Ny kontakt med Seatronic som hjelpe velvillig. Her måtte inn eit  5 punkts Seatalk ng/Blackbone kabel koblingsstykke.. Biletet under er lånt frå Seatronic si side.


I dei blå kontaktene skal det settast endeterminatorar. (husk å få med desse) Ein raud og svart kabel skal til +/- sikra med 5 amp sikring. Den eine kvite og svarte SeaTalk kabelen som følgjer med AIS-en skal i den eine kvite kontakta. Den Seatalk-kabelen som følgjer med Plottaren skal i ein av dei andre kvite kontakta og i den tredje kvite skal powerkabelen pluggast. Powerkabel må bestillast separat.



Alt på plass og så var det berre å slå på systemet. Fortsatt var ikkje AIS å finne på plottaren. Etter fleire kontakter med Seatronic fant eg endeleg feilen. St-kabelen til AIS-en var ikkje skikkeleg i kontakta. Dette vart ordna og dermed "snakka" AIS og plottar saman. Perfekt.

Powertilkobling av AIS og splitter.
Pluss og minusledarane på Powerkabelen til begge boksane kan enten koblasst direkte til båten sitt 12 volts system eller gå via ei 5 amp. sikring og brytar for På/Av styring. Eg har gjort det siste. På denne måten kan ein ha systemet avslått når ein ligg i ro med forbrukstraumen på. Då desse ledarane er veldig tynne (0,20) held det lenge med å bruke mikrobryrarar.

NMEA kontakter:
Ein må passe på at det er kontakt mellom Plottar og VHF for at posisjonen skal syne på VHF-en.
Det er to ledarar frå powerkabelen på plottaren som skal koblast saman med to ledarar på powerkabelen på VHF-en. Fargane til desse ledarane finn ein i manualen for plottar og VHF. (For a127 er desse; brun positiv og gul negativ.) Desse skal loddast saman og isolerast. Her er det viktig at Port nr 1 (input og output) på plottaren vert sett til 4800 baud. Medan Port 2 (input) på plottaren står på 38400 baud for AIS. Hugs å slå på AIS på plottaren. Dette finn du i menyen frå kartsida.

På powerkabelen frå AIS-en er det to ledarar som kan koblast saman med ein brytar. Dette for å slå på/av sendinga av eigen posisjon, f.eks når ein ligg i hamn. Same funksjon finn ein også i menyen på plotaren.

Manualer:
For Raymarin a127 finn du norsk manual her
For AIS-sender og mottakar og splitter finn du her

Eg har i alle tilfelleikkje blitt dummare av å gjere dette sjølv. I grunnen eit koseleg arbeid.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen