Tur til vakre Runde, 18. oktober 2016
Innlegg
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Litt av kvart frå verkstaden Eg har ein liten snekkarverkstad som eg har byggt opp gjennom åra. I dag har eg det meste av det som trengs av verktøy for å kunne lage kva som helst. Det går i ein del vogger , både dokkevogger og babyvogger. Utover dette så likar eg å snekkre og skape ting med hendene. Det har mellom anna blitt ein del dreiing. Under ser du bilete av ein del eg har laga. Fat, rosemåla av Roar Steinnes
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Montering av autopilot i min Saga 29 Då eg fyllte 70 år i sommar fekk eg autopilot i gåve frå slekt og venner. Pris ferdig montert kom på ca. kr. 22000,- Autopiloten vart bestilt hos Sigurd Solberg i Florø slik at den låg i posten då eg og kona mi kom heim frå ferie. Hos Solberg fekk eg god hjelp til å berekne kva slags type pilot eg måtte ha for at den skulle stemme med dataene på båten. Under vil eg ved hjelp av tekst og bilder prøve å synleggjere at det ikkje er all verden å gjere denne jobben sjølv. Følglande vart bestilt: - Raymarine EVOLUTION EV 1 - Raymarine ACU-200 - RaymarineType1 Hydra pumpe. - Div. SeaTalk ing kablar, T-stykker etc. Vel heime var det berre å kome igang. Det fyrste eg måtte gjere var å lese meg opp på monteringsbeskrivelsem frå Raymarine. Den var både på Norsk og Engelsk. Så var det berre å sette i gong. 1. Plassering av kompass. Her fant eg ein høveleg plass under trappa, ned til sovelugar og toalett. Denne plasseringa er rimeleg ...
Teakdekk akter på Saga 29.
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Vår båt har teakdørk i salongen og teakdekk på badeplattforma akter. I uteromet har vi tepper på glasfiberdørken. Det er ei grei løysing men blir litt vanskeleg når ein skal ned i romet akter. Difor har eg bestemt med for å legge teakdekk også der. Dekket er produsert av Sandøy Båtdekk AS . Dekket er vaska med rikeleg mengde rødsprit (1 l pr. 8 m2) og olja med Ovatrol sin Teakolje. Har hatt på 3 strøk vått i vått. Etter 20 min tørka eg av oveflødig olje med ei lofri fille. Når dette tørkar skal eg slipe dekket med vannslipepapir nr 350 i olje og så gi det eit siste toppstrøk før legging. Oljen har eg kjøpt hos Sverre Eidsvik AS i Ålesund. Etter nermare undersøking fant eg same oljen hos Malia i Ørsta. Dei forhandlar Ovatrol Prosessen blir dokumentert her. Lukene på Sagaen er låsbare. Her må det gjerast ei endring for å få låsesylinderen gjennom teakdekket. Har vore i kontakt med Sagaboats og nye låsesylinderar er bestilt. 02.03.15 P...
Ryggstøtte til min Yamaha Virago 125 cc, mod 1998
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
For eit år sidan kom min bror med ideen om å lage ryggstøtte også for føraren av motorsykkelen. Han har same sorten, så vi gjekk i gong med prosjektet. Fyrst no har eg fått ferdig min del av det, etter mange lovprisingar frå hans side over kor mykje betre det er å køyre sykkelen. Det ser og kjennest faktisk veldig bra. Ein kamerat av oss, som for øvrig har laga rørstøttene til alle tre sykklane, har også laga det på sin sykkel, så no er det 3 stk Yamaha Virago 125 som har ryggstøtte. Eg synest at resultatet ikkje vart så verst. Sjølvgjort er velgjort. Etter ein køyretur på nokre mil fant eg snart ut at dette passa desverre ikkje min kropp. Det vart for kort avstand mellom setet og tanken. Eg er desverre for lang til dette. Det var ellers god støtte i ryggen. Ryggstøtta er dermed avmontert og eg ei erfaring rikare. :-)
Montering av AIS og kartplottar i båt.
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Denne vinteren har eg oppgradert min Saga 29 LS med ein del nytt utstyr. Eg har hatt ein Raymarine A65 kartplottar i båten. Dette er ein stabil og god plottar men har sine avgrensingar dersom ein tenker å utvide med anna utstyr som AIS og Radar. Valget var lett kva merke angår. Raymarine sitt utstyr er eg fortruleg med, så etter ein del tenking landa eg på Raymarine a127 kartplottar med berøringsskjerm. Då måtte det bli Raymarine sitt AIS-utstyr også. Grunnen til at eg ønskte slikt utstyr i båten er at vi ferdast mykje på sjøen heile året, med ein langtur innlagt stort sett kvart år og då er det trygt å kunne bli varsla om andre båtar som evt. er på kollisjonskurs. Skulle eg kjøpe berre sendar eller sendar og mottakar? Kva måtte til av antenner, splitter osv. Hos Seatronic er det veldig god service så dei hjelpte meg i valg av dupedittar. Kvar skulle eg så plassere utstyret ombord? Det måtte vere nokolunde i nærleiken av kartplottar og VHF. Til slutt fann...
Den fantastiske kveldshimmelen i verdens vakraste land.
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper